Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    4187

    Ryggsekk med Aasen- ordtak

    Ingen bilete
    ryggsekk med aasen     ordtak
    Ingen bilete
    ryggsekk med aasen     ordtak 0
    Varenamn2:
    Flott og praktisk dagstursekk med Aasen-ordtaket «Det som kjem sist i sekken, må først ut att».
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    349,-
    (449,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Ein lett sekk med mjuk og polstra rygg, fin til fjelltur eller bytur. 
     
    Reimar
    Sekken har justerbare skulderreimar som kan festast saman over brystet, og den har hoftebelte og bærestropp. Sekken sit som støypt, og saman med den lette vekta gjer det at sekken eignar seg godt som sportssekk, til dømes til sykling eller på fjelltur. 
     
    Lommer
    Eitt stort rom med ei lomme til dokument, nettbrett eller ein liten PC. Elastiske flaskelommer på kvar side av sekken. Lita lomme utvendig på sida til småting.
     
    Andre funksjonar
    Det er hól til slange til drikkepose, dette går frå hovudrommet og kjem ut på framsida av bærereima.
     
    Sekken har regntrekk som ligg i eiga lomme på undersida av sekken. Innvendig nøkkelkrok og på kvar av skulderreimane er det feste til karbinkrok eller liknande. Sekken er utstyrt med refleks fleire stadar. 
     
    Den elastiske snora på framsida gir perfekt feste til klesplagg, våte kle eller anna. Det følgjer med snor i fire ulike fargar (grå, blå, rosa og raud) slik at du sjølv kan velje kva farge du vil bruke. 
     
    Bruksområde
    Hendig sekk med fleire bruksområde, fin som sportssekk eller bysekk.  
     
    Volum og mål
    Volum: 20 liter
    Vekt: 520 gram
    Høgde: ca. 45 cm
    Breidde: ca. 25–35 cm
     
    Produsert for Ivar Aasen-tunet
    Video:
    2
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?