Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10627

    Aasen, Ivar: Symra - redigert av Terje Aarset

    Ingen bilete
    aasen/ ivar symra   redigert av terje aarset
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur.
    alt07:
    AASEN
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    449,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von. Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er ”Mellom bakkar og berg”, ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår andre nasjonalsong. I denne nye utgåva ved Terje Aarset er det i tillegg ei rekkje tekster som kastar lys over Symra som litteratur, om språket og musikken, om dei ulike utgåvene som er komne sidan 1863, om Aasen-dikt i omsetjing, om Jakob Kobberstad, som stod for notetillegget i 1875-utgåva, om Aasen i songbøkene og Aasen-dikting på plate. Boka er rikt illustrert og har ny notesats, for fyrste gong på over hundre år. Innbunden. Fagbokforlaget 2013
    Video:
    3-5-1
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?