Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11323

    Almhjell og Sunde: Anne Sletto. Eit kvinneportrett

    Ingen bilete
    almhjell og sunde anne sletto eit kvinneportrett
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Eva Almhjell og Jørn Øyrehagen Sunde har samla sport etter Anne Sletto og let lesar bli kjend med Anne sitt liv.
    alt07:
    HISTORIE
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    280,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Anne Sletto (1867-1946) voks opp i Hol i Hallingdal. 18 år gammal drog ho ut av bygda og tok arbeid som tenestjente, truleg i Vestfold. I 1886 fødde ho sonen Olav, som vart kjend forfattar, og i 1891 dottera Jenny. Barna hadde ulike fedrar, og begge voks opp hos besteforeldra i Hol. Korkje i Olavs Barndom eller vaksenliv hadde han og mora kontakt. I 1900 gifte Anne seg. Paret flytte til Geilo, der ho vart vaskehjelp på hotell. Eva Almhjell har samla spor etter Anne frå arkiv, album og minne og prøvt å rekonstruere livet hennar så langt råd. Jørn Øyrehagen Sunde skriv om barn fødde utanfor ekteskap gjennom tidene. Portrettet av Anne Sletto kastar nytt lys over historia til dei lågt på den sosiale rangstigen, over historia til kvinnene og såleis også over norsk historie.
     
    Innbunden. Boksmio forlag 2015.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?