Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3435

    Aschim, Anders: Elias Blix - Ein betre vår ein gong

    Ingen bilete
    aschim/ anders elias blix    ein betre var ein gong
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Biografi om Elias Blix.
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    409,-
     
    Ikkje på lager
    Omtale:

    Elias Blix hadde ein eventyrleg karriere: som farlaus fiskarbondeson frå Gildeskål i Nordland kom han seg til seminaret i Tromsø, tok teologiutdanning i Kristiania, studerte semittiske språk i Leipzig og vart professor i hebraisk. Han var kyrkjeminister i Johan Sverdrups Venstre-ministerium 1884 - 88, og stod ansvarleg for det språkpolitisk viktige jamstellingsvedtaket i 1885.

    Blix var sterkt engasjert i omsetjinga av Bibelen til landsmål, men først og fremst er namnet hans knytt til ei rad av våre mest kjende og folkekjære salmar: «No livnar det i lundar», «Gud signe vårt dyre fedreland», «No koma Guds englar», «Med Jesus vil eg fara» og songar som «Å eg veit meg eit land». I alt står han bak 130 originale og 76 omsette salmar, og Elias Blix må ha mykje av æra for at landsmålet vart «kristna» og at nynorsk kyrkjemål står så sterkt.

    Det ligg mange års forskararbeid bak denne første grundige biografien, og som teolog og medarbeidar i vår nyaste bibelomsetjing har Anders Aschim hatt særlege føresetnader for å løfte fram kjende og ukjende sider ved mannen og verket.

    Innbunden, Samlaget 2008.  
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?