Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    12024

    Birgisson, Bergsveinn: Soga om Geirmund Heljarskinn

    Ingen bilete
    birgisson/ bergsveinn soga om geirmund heljarskinn
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Soga om Geirmund Heljarskinn vert her lagd fram og kommentert av Bergsveinn Birgisson og er omsett frå norrønt av ein av våre fremste sogeomsetjarar, Jan Ragnar Hagland.
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    369,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:

    Kven var eigentleg denne Geirmund Heljarskinn, kongesonen frå Avaldsnes i Rogaland som vart den mektigaste landnåmsmannen på Island på slutten av 800-talet? Dette var eitt av mange spørsmål Bergsveinn Birgisson for nokre år sidan stilte seg i boka Den svarte vikingen. For Geirmund var definitivt ein mann ei soge verdig, men det finst inga soge! Denne svært påfallande mangelen nærmar seg her ei oppklaring. For no er soga om Geirmund Heljarskinn endeleg funnen!

    Birgisson fortel her i eit forord om då han i 2014 vart kontakta av ein islandsk venn og kollega som hadde gjort eit sensasjonelt funn blant nokre avlagde dokument i det islandske nasjonalbiblioteket. Ein kopi av eit skinninnbunde handskrift frå eit no forsvunne kloster på Vest-Island, som gjev seg ut for å vere nettopp denne manglande soga  – og med det ei av dei tidlegaste innan soge-sjangeren og om mannen som vert sagd å vere den mektigaste av alle i Islands eldste historie.

    Viss det heile då ikkje er eit plagiat og eit falsum….

    Soga om Geirmund Heljarskinn vert her lagd fram og kommentert av Bergsveinn Birgisson og er omsett frå norrønt av ein av våre fremste sogeomsetjarar, Jan Ragnar Hagland.

    Innbunden, Pelikanen 2016. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?