Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11018

    Birgisson, Bergsveinn: Soga om veret

    Ingen bilete
    birgisson/ bergsveinn soga om veret
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Roman med handling frå Island.
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    287,-
     
    Ikkje på lager
    Omtale:
    Soga om vêret tek oss til ein gudsforlaten fjord heilt nordvest på Island, der nokre få forkomne sjeler driv sjarkfiske, viss vêret tillét det. Halldor skriv dagbok, og det er livshistoria hans som vert avdekka gjennom møta hans med Gud, presten, filosofen, krøplingen, torsken og kjærleiken. ”Stilt og roleg spurde Dufgus filosofikaren kvifor folk eigentleg studerer filosofi. Filosofikaren såg tankefull ned i lóvane sine både lenge og vel, som om han verkeleg ville gjere seg umake med svaret, og sa så: Eg kan ikkje svare for andre, men eg studerer filosofi for å forstå verda betre. Då var det slik at somme lyfte auga mot fjella og såg på all isen som hadde bråna i gjela i mildvêret, andre såg utover fjorden på bårene som braut innanfor skjera og hindra dei i å dra utpå. Så såg Ebeneser og Bernharð på kvarandre før begge såg på filosofikaren, og ein av dei sa: Kva er det, gode ven, som du ikkje forstår?” Den bergensbaserte islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson (f. 1971) har gitt ut tre romanar og tre diktsamlingar, samt Den svarte vikingen (2013) som han vart nominert til Brageprisen for. For romanen Svar på brev frå Helga (Pelikanen 2012) vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris. Soga om vêret var Birgissons debut som romanforfattar og vart nominert til Den islandske litteraturprisen i 2003. Omsetjing ved Margunn Rauset.
     
    Innbunden. Pelikanen 2014
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?