Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    12217

    Bredesen, Trond: 10 ville ekspedisjonar

    Ingen bilete
    bredesen/ trond 10 ville ekspedisjonar
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Innbunden
    alt07:
    BORN
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    249,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Neil Armstrong var førstemann på månen. Ellen MacArthur segla jorda rundt heilt åleine gjennom storm og bølgjer. Og ingen har vore så djupt nede på havbotnen som James Cameron. I boka Ti ville ekspedisjonar møter vi desse og sju andre oppdagarar. Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende attende? Vi blir kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake.
     
    Ti ville ekspedisjonar fortel kunnskapsrikt og underhaldande om ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. Dette er historier som kan utfordre unge lesarar, og som dei også kan kjenne seg igjen i.
     
    I 2019 kjem neste bok i serien: Ti utrulege oppfinningar.
     
    Innbunden, Samlaget 2018 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?