Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3326

    Kleiva, Rønnaug: Om dagen kan ein flyge - Illustrert av Akin Düzakin

    Ingen bilete
    kleiva/ ronnaug om dagen kan ein flyge    illustrert av akin düzakin
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Innbunden
    alt07:
    BORN
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    99,-
    (200,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Ei biletbok frå ein av dei fremste forfattarane og den mest ettertrakta illustratøren i Noreg.
     
    Om dagen kan ein flyge er ei biletbok for dei litt større barna, frå 5-6 år og oppover til 8-9 - den alderen der ein lærer å lese sjølv, og der fargerike teikningar kan vere med på å gjere leseprosessen meir spennande. Eg-personen er ei jente som bur aleine med mor si. Dette er ei fin bok med stoff både til underhalding, samtale og ettertanke.
     
    Mora har kjærleikssorg og går i eigne tankar, og dottera kjenner seg aleine og lengtar både etter mormor og etter morfaren som døydde før ho vart fødd. Så får ho lov å reise og besøkje mormor, ho tek fly aleine og blir varmt motteken på garden som mormor driv. Her er det godt å vere! Dei snakkar og ser på familiefota, dei set opp gjerde og steller med den nyfødte kalven. Ein dag ringjer mamma og vil ha jenta si heim att, ho saknar henne så ... Rønnaug Kleiva er ein av våre fremste forfattarar, og Akin Duzakin har på få år nådd å bli den mest ettertrakta biletbokillustratøren i Noreg.
     
    Innbunden. Samlaget 2001.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?