Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10131

    Aanes, Anders: Forvirring eller frigjering

    Ingen bilete
    aanes/ anders forvirring eller frigjering
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Forvirring eller frigjering? : didaktikk og valfridom i nynorsk : ei gransking av kjennskap og haldningar til valfridom ved fire vidaregåande skular i Møre og Romsdal.
    alt07:
    FAGLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    150,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Variasjon og valfridom i det nynorske skriftspråket har vore tilgjengeleg gjennom den fastsette norma i ein mannsalder, og har vore gjenstand for sterk debatt. Somme meiner valfridomen er ei side ved nynorsken som er avgjerande for at mange nynorskbrukarar brukar nynorsk. Andre meiner valfridomen skaper forvirring om kva som er korrekt nynorsk, eit ustabilt skriftbilete, og dermed problem med i det heile å lære nynorsk. I botnen ligg to ulike syn på skriftspråk: anten talespråket som det primære utgangspunktet for skrifta - eller skriftspråket som eit meir sjølvstendig og autonomt system. I denne masteroppgåva blir det sett nærmare på dei didaktiske problemstillingane kring valfridomen i nynorsk. Det blir undersøkt kva kjennskap og kunnskap elevar i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal har til enkelte former i rettskrivinga. Elevane har dessutan blitt utfordra til å skrive inn nynorske former i ein tekst. Oppgåva syner dermed både kva kunnskap elevane har, og til ein viss grad kva former elevane vel når dei skriv. Sjølvrapportering om lesing, haldningsspørsmål om valfridom, og dessutan variablar som utdanningsbakgrunn til foreldre, haldning til nynorsk, og målform i opplæringa, blir også rekna inn i analysen. Oppi det heile kjem også spørsmåla kring destandardisering i skrift, som er eit utbreidd fenomen i dag.
     
    Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 28 Høgskulen i Volda 2011.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?