Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11449

    Erstad, Emil Andre: Farvel Syria. Om eit folk på flukt

    Ingen bilete
    erstad/ emil andre farvel syria om eit folk pa flukt
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Brennaktuell og interessant om syriske flyktningar
    alt07:
    FAGLITTERATUR
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    329,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:

    Krigen i Syria har ført til det som blir omtalt som den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Millionar av menneske er på flukt, og for mange av dei finst det ikkje nokon snarleg ende på flukta. I Farvel, Syria blir du kjend med nokre av dei som har forlate heimlandet sitt. Emil André Erstad har reist til Midtausten og snakka med religiøse minoritetar, einslege kvinner, homofile og opposisjonelle. Mange av desse kan ikkje få trygge liv i nærområda til Syria, samtidig som Noreg og andre europeiske land gjer det vanskelegare for flyktningane å krysse grensene.

    Noreg har bestemt at vi skal ta imot 8000 kvoteflyktningar dei neste tre åra. I tillegg kjem tusenvis av andre flyktningar seg hit på eiga hand. Kva er forskjellen på dei, og kven har vi plikt til å hjelpe? 

    Boka diskuterer korleis verdssamfunnet best kan stille opp for flyktningane. Den gir sterke  møte med enkeltmenneske som er ramma av krigen, og innspel til ein betre flyktningpolitikk for Noreg og verda. Farvel, Syria er boka for deg som vil lære meir om dei menneska vi skal beskytte, og gjer det lettare å forstå ei av dei mest brennande sakane i vår tid.

    Innbunden. Samlaget 2016.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?