Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11168

    Fet, Jostein: Den gløymde litteraturen

    Ingen bilete
    fet/ jostein den gloymde litteraturen
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Innbunden
    alt07:
    FAGLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    437,-
    (499,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre. 
     
    Frå den vesle studien til den store tanken. Jostein Fet set i sitt 91. år krona på eit unikt litteratursosiologisk forskingsverk. I 1978 hadde han i analysen av 16 287 arveskifte frå 1690–1839 registrert 14 199 bøker. Men Fet fann tidleg ut at svært mange bøker og skrifter aldri vart registrerte i skifteprotokollane, at bøkene i skifta berre var toppen av isfjellet. Små og slitne folkebøker, katekismer og forklaringar for barn, men også store familiebøker, som biblar og huspostillar, vart av ulike grunnar haldne utanfor skifta. Frå 1979 og fram til i år har Fet funne fram eit representativt utval på 609 bøker og skrifter trykte før 1840, alle hos private eigarar på Sunnmøre. Den eldste boka er frå 1549. Første del av Den gløymde litteraturen presenterer idéinnhaldet i dei viktigaste bokgruppene. Andre del er eit bibliografisk register, der Fet fortel korleis bøkene har vandra gjennom arv, gåver, auksjonar eller bytehandel, og det kjem fram kor høg posisjon bøker hadde i det gamle bondesamfunnet.
     
    Forord ved Ottar Grepstad.
     
    Innbunden. Samlaget 2015.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?