Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11193

    Skirbekk, Gunnar: Rasjonalitet og modernitet

    Ingen bilete
    skirbekk/ gunnar rasjonalitet og modernitet
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Essays i filosofisk pragmatikk.
    alt07:
    FAGLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    389,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    I spenninga mellom postmodernistisk relativisme og scientistiske og religiøse overtydingar om at ein forpaktar Sanninga og Den rette læra, kva kan vi stille opp med? Finst det éi fornuft som er forpliktande for alle, men som likevel er sjølvkritisk og open for tvil? Er det den som vart utvikla ved ulike moderniseringsprosessar, frå opplysningstida og framover? "Dersom det ikkje finst kontekstuavhengig moral og fornuft, endar vi med kampen mellom gudane," skriv Gunnar Skirbekk i denne boka. Med utganspunkt i den internasjonale diskusjonen om rasjonalitet og modernitet gjev forfattaren eit grunnleggjande forsvar for diskursiv fornuft og offentleg meiningsdanning. Boka er ein oppdatert og revidert versjon av "Praxeologie der Moderne" (2002), som igjen er ein revidert versjon av "Rationality and Modernity" (1993). Teksten er revidert fordi denne utgåva vender seg til eit anna publikum, og fordi dei kulturelle referanserammene har endra seg over tid. "Ein filosofi om det moderne er ein filosofi om krise. Etter Auschwitz og Hiroshima, etter nine eleven og krigen mot terror, og i lys av dagens konfliktar på kort og lang sikt, medrekna økologiske utfordringar og kulturelle spenningar, kan spørsmålet om korvidt det finst ei felles forsvarleg fornuft og felles kontekstoverskridande normer, knapt avvisast." Boka er omsett av Hermund og Rasmus Slaatelid.
     
    Hefta. Universitetsforlaget 2009.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?