Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11646

    Friedenthal, Meelis: Biene

    Ingen bilete
    friedenthal/ meelis biene
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Biene er eit verk som kan lesast med glede, anten ein likar historiske romanar, er generelt historieinteressert, likar å løyse gåtene i menneskesjela, eller ikkje minst om ein er interessert i det beste av nyare litteratur frå våre naboland og frå Europa.
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    372,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Om handlinga: Med baccalaureus-grad frå Leiden har Laurentius fått stipend til å halde fram studia ved universitetet i Dorpat (som nå heiter Tartu). Eit Livland på slutten av 1600-talet, herja av hungersnaud, er ikkje den vennlegaste staden ein kan tenkje seg, og både i og utanfor universitetet byrjar ganske skremmande ting å skje. Medan somme studerer og grunnar på filosofiske spørsmål, herskar det fattigdom, svolt, håpløyse, apati, sjølvmord og kannibalisme omkring dei. Meelis Friedenthal tek med grundige historiekunnskapar og medrivande forteljarevne på ein fin måte opp arven etter den store forgjengaren sin, Jaan Kross. Biene gir ei sterk, til dels skakande lesaroppleving samtidig som boka formidlar kunnskap om ei tid og ein stad vi kanskje ikkje visste så mykje om. Biene har fått fleire estiske prisar, og i 2013 EUs litteraturpris. Dette vart det internasjonale gjennombrotet for forfattaren. Omsett til norsk av Øyvind Rangøy. Innbunden. Bokbyen forlag 2012
    Video:
    3
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?