Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11777

    Grepstad, Ottar: Vinje-bibliografien

    Ingen bilete
    grepstad/ ottar vinje bibliografien
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Skrifter av og om Aasmund Olavsson Vinje 1843-2016
    alt07:
    VINJE
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    495,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Der kom ein Gut or Vinje-Grend,
    til større Ljos han traadde.
    Ivar Aasen
     
    Vinje-bibliografien dokumenterer for første gong alle skrifter av A.O. Vinje og svært mange skrifter om han gjennom meir enn 170 år. Over 4400 tekstar blir presenterte.
                Bibliografien dokumenterer 2263 utgivingar av dikt og prosa-tekstar som Vinje skreiv på dansk-norsk, dialekt eller nynorsk, og 237 gjendiktingar og omsetjingar til 11 språk. 1869 artiklar, talar, dikt, bøker, radio- og tv-program om Vinje er med. Det er også manuskript om Vinje i utvalde arkiv.
                Innførslar om lange artikkelseriar, rare notisar og gløymde debattar står side om side med utfyllande kommentarar og uventa forteljingar om mangt som har vore ukjent.
                Vinjes to sjølvbiografiar kjem i bok for første gong, og delar av den eine har ikkje vore trykt før. Boka er ramma inn av essaya «Krønikeskrivaren A.O. Vinje» og «Å lese og forstå A.O. Vinje».
     
    Ottar Grepstad (fødd 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum og forfattar. Han har skrive eller redigert over 30 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?