Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    12196

    Helle, Siri: Matmakt på butikken

    Ingen bilete
    helle/ siri matmakt pa butikken
    Ingen bilete
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    130,-
    (149,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Noreg har den mest konsentrerte daglegvaremarknaden i Europa. Tre daglegvarekjeder leverer nittini prosent av maten vi et, og makta til daglegvarekjedene gjeld ikkje berre mellom reolane. Daglegvarekjedene styrer alt frå småbyestetikk og pizzakjeder til dyrevelferd i hønsehuset. Nordmenn handlar mat ofte. Tre av fire husstandar handlar fleire gongar i veka, medan berre éin prosent handlar sjeldnare enn éin gong i veka. Trur du at du sjølv bestemmer kva som hamnar i handlekorga di, kva du skal ha til middag i dag? Denne boka får deg til å tru om att. Før vi får sjansen til å velje noko som helst, er ei rekkje val allereie gjorde. Og ikkje alle er gjorde med ditt og mitt beste som føresetnad. På ein tur gjennom ein daglegvarebutikk syner Siri Helle korleis vala vi gjer, er styrte frå inngangsdøra til kassa. Vi klarer oss ikkje utan mat og har ikkje anna val enn å handle hos ei av desse tre kjedene. Det er på tide å finne ut kva dei eigentleg driv med. Boka er ein del av serien Norsk røyndom.
     
     
    Hefta, Samlaget 2018 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?