Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10991

    Høidal, Eldar Øyehaug: Gull av gråstein

    Ingen bilete
    hoidal/ eldar oyehaug gull av grastein
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Næringsliv på Sunnmøre gjennom 250 år
    alt07:
    HISTORIE
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    249,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    "Gull av gråstein" er ei soge om næringsutviklinga på Sunnmøre dei siste 250 åra, 1764-2014. Dette er ei soge om pågangsmot og framdrift på sjø og på land. Sunnmøre merkar seg ut som eit samfunn utan store sosiale skilnader, der det har vore vanleg at folk går saman for å realisere næringstiltak, både i fiskeria, i landbruket og i industrien. Med Ivar Aasen kan vi seie at dette har vore eit samfunn av jamningar, likestilte menneske. I slike samfunn vert skaparkraft utløyst. Mange har vore med å gje farge til sunnmørsveven. Vi følgjer næringssoga til sunnmøringane frå 1760-åra då embetsmenn kom med nye impulsar, til tidleg på 2000-talet då det sunnmørske næringslivet er vendt mot den vide verda, men framleis har feste i ein attkjenneleg sunnmørsk næringskultur. I vår tid har Sunnmøre eit allsidig og oppegåande næringsliv, som hevdar seg både på nasjonale og internasjonale marknader. Boka femner om alle dei 17 kommunane på Sunnmøre. Rikt illustrert med gamle og nye foto, og flyfoto frå alle kommunane.
     
    Innbunden. Selja 2014
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?