Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    12268

    Todal, Per Anders: Havlandet

    Ingen bilete
    todal/ per anders havlandet
    Ingen bilete
    alt07:
    HISTORIE
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    393,-
    (449,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Dei norske havområda er seks gonger så store som landarealet, og sjøen har gjeve livsgrunnlag for menneska her nord sidan steinalderen. Likevel er det meste av hava våre ukjende for dei aller fleste. Denne boka er ei reise til det usynlege Noreg. Den skildrar dei mangfaldige landskapa under vassflata. Kvar del av havet har si eiga historie, og kvart havområde har vore med på å forme vilkåra for menneskelivet i Noreg. orfattaren tek lesaren med på lange reiser: frå trålarane i det vintermørke og stormfulle Barentshavet til brislingjakt med not i Sognefjorden, frå det overdådige skreifisket ved Røst til forskingstokt ved korallreva på Mørebankane, frå oppdrettspionerane på Lovund til dei siste kvalfangarane i Nordsjøen. Boka fortel historia om dei første seljegerane som padla opp langs kysten for over 11 000 år sidan, om havstraumane som gjev Noreg milde vintrar og eineståande fiskerikdom, og om klimaendringane og havforsuringa som no endrar livet i sjøen på fundamentalt vis. I Havlandet blir naturvitskap, historie, mytologi og ramsalte reportasjar vevde saman til ei stor og rik forteljing om Noreg og havet. Per Anders Todal er journalist. Fanden på flat mark. Historier frå Kviterussland (Samlaget 2009) fekk han strålande meldingar.
     
    Innbunden, Vigmostad Bjørke 2018
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?