Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3109

    Juuhl, Gudrun Kløve: Demokratisk… - Skrifter frå ivar Aasen-instituttet. Nr. 23

    Ingen bilete
    juuhl/ gudrun klove demokratisk…    skrifter fra ivar aasen instituttet nr 23
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Demokratisk prøverom - analyse av eit ordskifte for born og ungdom gjennom 30 år
    alt07:
    FAGLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    150,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    I bladet Norsk Barneblad finst det ei diskusjonsspalte for born og ungdom, og alderen på dei som deltek er i hovudsak mellom 9 og 16 år. Spalta vart oppretta i 1970, og sidan har det vore eit løpande ordskifte. Oppgåva er ein analyse av skrivemåtar og tekstnormer i denne spalta i åra 1974 og 2004, og ein freistnad på å finne ut korleis, kva tid og kvifor desse endrar seg. Når det gjeld forståing av tekstnormer og tekstnormendring byggjer forfattaren mykje på arbeidet til Kjell Lars Berge. Oppgåva diskuterer òg diskusjonsspalta i eit ålmente- og demokratiseringsperspektiv, og her har mellom anna Jürgen Habermas sine omgrep kommunikativ og strategisk handling vore nyttig. Sjølv om diskusjonsspalta i Norsk Barneblad ikkje er eit representativt utval av born sine diskuterande tekstar, er det rimeleg å tru at endringar i skrivemåtar og tekstnormer her til ein viss grad speglar ålmenne tendensar, og at oppgåva difor kan gje meir kunnskap om borns og ungdoms skriving og skrivekompetanse. Skrifter frå Ivar-Aasen-instituttet nr. 23 Høgskulen i Volda 2006
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?