Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11205

    Karlsberg, Magny: Frå Versailles til Valdres

    Ingen bilete
    karlsberg/ magny fra versailles til valdres
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. I Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle o
    alt07:
    KUNST OG HANDVERK
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    437,-
    (499,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Karlberg tar for seg det rike samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikkane berre fortolkingar av den europeiske motedrakta eller er dei sjølvstendige kulturelle ytringsformer? Er brodert rosesaum berre ein impuls frå den europeiske rokokkomoten eller også ein folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls? Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret finn ein att også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg ho til utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Boka er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av klede og draktdelar, kunstbilete og demonstrasjonar av påkledning. Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise er ei etterlengta bok - for allment interesserte og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forskings- og dokumentasjonsarbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.
     
    Innbunden. Skald 2015
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?