Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11635

    Oppstadveven

    Ingen bilete
    oppstadveven
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Klingande steinar
    alt07:
    KUNST OG HANDVERK
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    449,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:

    Oppstadveven er ein tverrfagleg presentasjon av ein viktig del av den felles nordatlantiske tekstile kulturarven. Boka fortel tre nasjonale historier, frå Norge, Island og Shetland, og formidler både teoretisk og praktisk kunnskap om oppstadveven. 

    Frå 2010 heldt Osterøy museum ei rekkje praktiske kurs i vestnorsk åklevev på oppstadvev.  I etterkant oppstod eit tverrfagleg samarbeid mellom islandske Hildur Håkonardottir, shetlandske  Elizabeth Johnston og Marta Kløve Juuhl frå Norge. Samarbeidet resulterte i eit nytt og internasjonalt verk om den særeigne vevtypen. Boka omfattar både eit historisk oversyn over denne delen av den nordatlantiske tekstile  kulturarven, rettleiande framgangsmåtar og oppskrifter på korleis ein skal kunna veva, samt innsikt i korleis gamle og gløymde vevemåtar kan få nytt liv gjennom praktisk og utøvande forsking.

    Oppstadveven er del av ein viktig formidlingstradisjon av ikkje-materiell kulturarv. Gjennom å plassera oppstadveven i både ein historisk kontekst og ein kulturvernkontekst  bidreg boka til å sikra og vidareføra kunnskap om produksjon, bruk av reiskap og produkt, samt inspirera til eigen veving og produksjon.

    Hovudspråk er engelsk, med norske og islandske oppskriftstekstar.

    Oppstadveven er eit samarbeid mellom SKALD og Museumssenteret i Hordaland.

     
    Innbunden, Skald 2016. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?