Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3491

    Djupedal, Reidar: Gamle Selje - Kulturhistoriske tekstar i utval ved Ove Eide

    Ingen bilete
    djupedal/ reidar gamle selje    kulturhistoriske tekstar i utval ved ove eide
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Kulturhistoriske tekstar i utval ved Ove Eide
    alt07:
    LOKALE BØKER
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    348,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Reidar Djupedal (1921-89) frå Selje var språkforskar og kulturhistorikar. Han var oppteken av både historie og historier, og skreiv gjennom heile livet ned folkeminne frå heimbygda. I denne boka om "Gamle Selje" har Ove Eide skrive ei innleiing og samla eit utval av Djupedal sine tekstar med emne frå Selje. Her handlar det om kloster og kyrkje, livet i gamle dagar, song og dans, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir. Fleire av tekstane er skrivne på dialekt, der forteljinga om onkelen Jakob Djupedal sine opplevingar i Kanada utmerkar seg.

    Reidar Djupedal var cand.philol. frå Universitetet i Oslo 1950, med hovudoppgåve om Ivar Aasen. Han arbeidde ved universiteta i København, Oslo og Bergen før han vart professor ved Universitetet i Trondheim i 1969. I "Store norske leksikon" er Djupedal omtala som "i sin tid den fremste kjenneren av Ivar Aasens liv og verk. Djupedal publiserte en mengde bøker og artikler av høy faglig kvalitet." I nettleksikonet "Allkunne" vert Djupedal omtala som ”ein av dei store kulturhistorikarane på 1900-talet."

    Boka er rikt illustrert med kring 135 gamle bilete frå Selje, mange av dei tekne av Kristofer Djupedal (1877-1963), far til forfattaren.
     
    Innbunden, Selja Forlag 2010. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?