Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10432

    Tvinnereim, Jon: Eiksundsambandet - Visjonen som vart verkeleg

    Ingen bilete
    tvinnereim/ jon eiksundsambandet    visjonen som vart verkeleg
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Eiksundsambandet er det ferjefrie sambandet mellom øyane på ytre Søre Sunnmøre og fastlandet i Ørsta/Volda.
    alt07:
    LOKALE BØKER
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    398,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    "Planlegging av dette sambandet tok til i 1960-åra, men først etter tretti år med førebuing og politisk kamp vart planen godkjend av Vegdirektoratet i 1997. Tre år etter gjekk prosjektet gjennom i Stortinget, og sambandet vart bygd i åra 2003–2008. Eiksundsambandet er 15 kilometer med veg, bru og tunnel. Mest kjend er den 7765 meter lange undersjøiske tunnelen mellom øya Eika i Ulstein kommune og Sørheim på fastlandet i Ørsta kommune. Dette var ved opninga 23. februar 2008 verdas djupaste undersjøiske tunnel, heile 287 meter under havoverflata på det djupaste. Denne boka fortel om den seige kampen for å gjennomføre prosjektet, mot mange odds, og om den suksessen Eiksundsambandet er blitt. Trafikken har vore langt større enn venta, både når det gjeld pendling, tungtrafikk og fritidsreiser. Dei 43.000 innbyggjarane i ""Eiksund-regionen"", Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda er knytt tettare saman. Eiksundsambandet har saman med Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal (opna i september 2012) skapt ein ny reiseakse frå ytre Sunnmøre til indre Nordfjord og vidare austover. Jørgen Amdam (f. 1945). Jordskiftekandidat og PhD. Professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda og med omfattande forskingsverksemd og publisering. Mange tillitsverv i forskingsråd m.m. no medlem i formannsskapet i Volda. Jon Tvinnereim (f. 1936). Historikar og forfattar, tidlegare førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Volda og forskingsleiar ved Møreforsking. Har skrive mange artiklar og fleire bøker med lokalhistoriske emne. Ein periode redaktør i Syn og Segn.
     
    Innbunden, Selja Forlag 2012. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?