Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3620

    Clark, Thomas A.: I den klare lufta - Utval, gjendikting og etterord av Per Olav Kaldestad

    Ingen bilete
    clark/ thomas a i den klare lufta    utval/ gjendikting og etterord av per olav kaldestad
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Utval, gjendikting og etterord av Per Olav Kaldestad.
    alt07:
    LYRIKK
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    100,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Thomas A. Clark er frå Skottland og er ein framståande figur i nyare engelsk poesi. Han er fødd i 1944 i Greenock og bur no i fiskarlandsbyen Pittenween i Fife. Han debuterte med Some Particulars utgitt av The Jargon Society i 1971 og har gitt ut fleire diktbøker og ei rekkje små dikthefte og kort med dikt. Clark har òg vore oppteken av å utvida grensene for poesien gjennom installasjonar tilpassa ulike stader som galleri, forskjellige offentlege rom eller i landskapet. Bl.a. har han vist slike verk i Camden Arts Centre i London, Musee d´Arte Moderne i Paris, Centro Culturale de Belem i Lisboa og på Cotswold Way i Gloucestershire. Frå 1986 til 2002 dreiv han Cairn Gallery i Nailsworth i Gloucestershire saman med kunstnaren Laurie Clark. Dette var eitt av dei mest respekterte av dei små galleria i England, og her blei det vist minimalistisk kunst, konseptkunst og landskapskunst. Dikta til Clark står i den radikale romantiske tradisjonen i engelsk poesi og har modernismen som formelt utgangspunkt. Samtidig er innverknaden frå diktarar knytte til zenbuddhismen openberr i denne forfattarskapen. Vidare spring Clarks dikting ut av ei sterk oppleving av vår aktuelle trong til å nærma oss og ta vare på den naturen som er føresetnaden for menneskelivet. Dette er særs aktuell økologisk dikting som i gjendiktinga til Per Olav Kaldestad vert særs gode dikt på norsk.
     
    Video:
    3-14-7
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?