Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11954

    Horovitz, Frances: Dikt i samling

    Ingen bilete
    horovitz/ frances dikt i samling
    Ingen bilete
    alt07:
    LYRIKK
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    300,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Frances Horovitz skreiv ikkje mykje. Det samla lyriske livsverket hennar får plass i denne vesle boka. Det ho skreiv ligg tett inntil det korte livet hennar; kjærleik, fødsel, død, reiser, ein tur i skogen. Ho skreiv sitt liv, men likevel ikkje. Ho skriv fram eit livsdrama, idet ho brukar det vanlege, det erfarte, men ho skriv om det slik at kvardagen hennar blir viktig for oss alle. Ho er bygdediktar, landskapsdiktar, naturdiktar. Og ho dveler ikkje ved den engelske notidas metropolar eller strålande samlingsstader, derimot skildrar ho ruinane av tidlegare tiders kulturar, spreidde rundt på bygdene, restar etter piktarane, trakarane, keltarane, romarane. Ho ser og lyttar etter det farne, det døde, etter dei skjulte samanhengane. Ho er ein stor kjærleiksdiktar. Ho prisar kjærleiken. Noko av det store med kjærleiksdikta hennar er at ho omfamnar det ufullkomne, det tilbakehaldne og fjerne, særleg hos mannen. Frances Horovitz (f. Hooker) vart fødd i London i 1938. Ho utdanna seg til skodespelar. I 1964 gifta ho seg med lyrikaren Michael Horovitz og i 1971 fekk dei sonen Adam, som også skulle bli lyrikar. Ho døydde i 1983, berre 45 år gammal.
      
    Dikta er omsette av Lars Amund Vaage.
     
    Hefta, Nordsjøforlaget 2017. 
     
     
    Video:
    3-14-7
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?