Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10662

    Kaldestad, Per Olav: Dagen er her den dag eg vil

    Ingen bilete
    kaldestad/ per olav dagen er her den dag eg vil
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Dikt og songar av Per Olav Kaldestad og måleri av Rolf Monsen.
    alt07:
    LYRIKK
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    100,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Med basis i årstidene bruker Kaldestad si livsrøynsle til å utvida perspektivet frå dei nære opplevingane i kvardagen til større filosofiske og eksistensielle spørsmål. Dikta målber ei erkjenning av at slik er det her og no: ”eg blir ståande/i det som er” heiter det, og ”denne augneblinken/som er det einaste/verkelege som er.” Feiring av det å vera til og av det ein set pris på står sentralt, og tanken om døden er ein del av refleksjonen. Dette blir formidla med nødvendig alvor, men også med glimt i auga – samstundes som fleire av dikta og songane uttrykkjer rein livslyst. Rolf Monsen har gjennom åra arbeidd mykje med både teikning og maleri. Bilda i denne boka har noko av begge deler i seg. Dei er utsøkte kombinasjonar av streken og flata. Ein kan sjå maleriet som eit tillegg til verda, noko som legg press på blikket, eller med ei meir positiv vending: Tilbod om eit nytt blikk på tinga. Hos Monsen er det ofte ei innbyding til feiring, som i ”Fugl”, ”Kingfisher”, ”Fullmåne”, ”Dans” og ”Trofé” – i slekt med urfolkkunstens magiske framkalling av skapningar og situasjonar som er viktige. Om det finst ei meining i verda, finst den her, i samspelet mellom den store variasjonen av ulike skapningar som trass i alt er i live. Den nye boka byggjer på ei utstilling av maleri og dikt i Galleri Giga, Stord, i 2011.
     
    Hefta. Skildre forlag 2013
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?