Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3143

    Lillegraven, Ruth: Store stygge dikt -

    Ingen bilete
    lillegraven/ ruth store stygge dikt
    Ingen bilete
    alt07:
    LYRIKK
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    99,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:

    Store stygge dikt er ein slags rapport frå ei ung kvinnes liv i Oslo, i perioden august-desember 2004, som og er blanda med hendingar ute i verda og med andre personar og deira historier. Samlinga rommar mellom anna hendingar som trikkedrapet på Bislett i august, Erik Byes død, skypumpa som rasa inn over Oslo 22. oktober og flodbølgjekatastrofen 26. desember. Tekstane flyttar seg frå ein eplegard i Hardanger, til Bislet bad i Oslo til Rotterdam under krigen. Og midt i denne kvervlande straumen, denne skypumpa av hendingar og historier, står eg-et med poetisk energi og språkleg sikkerheit. 

    Store stygge dikt er ei bok om alt som kvervlar forbi, om alt som plutseleg kan gå i stykker. Det handlar om barndom, om å bli vaksen, om død, men og om gleda over trivielle ting. Det handlar om lengt; om kjærleik som er, som nesten er, som ikkje er lenger. Og det handlar om å prøve å halde saman alt det som kvervlar. 
     
    Dette er forfattaren sin debut.
     
    Hefta. Tiden 2006
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?