Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10870

    Lillegraven, Ruth: Urd (hefta)

    Ingen bilete
    lillegraven/ ruth urd hefta
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Med boka Urd vann Ruth Lillegraven Brageprisen i 2013, som første poet på ti år i kategorien skjønnlitteratur.
    alt07:
    LYRIKK
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    149,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Urd handlar om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om tida som renn gjennom landskapet og menneska, om barn som blir fødde og døden som vitjar. I 2005 markerte Ruth Lillegraven seg som ei ny og frisk stemme i norsk litteratur med diktsamlinga Store stygge dikt. «Debutantdikt til terningkast seks», skreiv kritikarane. Sidan då har ho gitt ut barnebøker og ein roman. Hausten 2013 er ho tilbake med ei ny diktsamling. Dette er dikt som få gjer etter henne, der store tema og opprivande hendingar blir behandla med overskot og eleganse, humor og djup innsikt. Ruth Lillegraven blei tildelt Brageprisen 2013 for Urd. Dette skriv juryen om Urd: Urd er et tradisjonsbevisst diktverk med linjer blant annet tilbake til sekstitallets nyskapende punktverk Anne av Paal-Helge Haugen. Urd er en lyrisk-episk diktbok med vidt spenn, langbølget rytmikk og flerstemt poesi. Gjennom 64 tittelløse, nummererte, presise og vâre enkeltdikt organisert i fem deler, skildrer Urd livet og livsinnholdet til to kvinner med et hundreår og flere generasjoner mellom seg: Den ene, Seselja, er ei fattig, barnløs og kjærlighetslengtende attergløyme av ei sydame på bygdene i Hardanger for hundre år siden; den andre, navnesøstera og slektningen Cecilie, ei bykvinne av i dag som skal føde, ei ung kvinne på en stadig mer innsiktsfull vei tilbake i egen historie og landskap. Lillegraven har med stor teknisk dyktighet lyktes i å inkorporere sitt lyriske jeg i en vev av skjønn litteratur og levde liv i en gripende helhet.
     
    Med denne boka vann Lillegraven òg Bokbloggarprisen 2013, i klassa open.
     
    Hefta. Tiden Norsk Forlag 2013
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?