Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10584

    Mayer, Gerda: Alle blad har mist sitt tre

    Ingen bilete
    mayer/ gerda alle blad har mist sitt tre
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Dikt frå Gerda Mayer gjendikta av Odveig Klyve
    alt07:
    LYRIKK
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    100,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Vi er stolte av å kunne presentere den flotte gjendiktinga til Odveig Klyve av eit utval frå dikta til den engelsk (jødisk-tsjekkiske) lyrikaren Gerda Mayer. I etterordet til desse spesielle dikta skriv Odveig Klyve: Gerda Mayer (fødd Stein) vart fødd i Karlsbad, Tsjekkoslovakia i 1927. I 1939 var ho mellom dei jødiske borna som vart evakuert til England frå Praha i den siste Kindertransporten før nazistane invaderte byen. England blei hennar nye heimland. (-) I dette utvalet finst dikt frå heile forfattarskapen hennar mellom 1972 og 2005. Her reflekterer ho på ulike måtar over sakn og sorg, men også over krefter som får mennesket til å gå vidare. I eit enkelt og rytmisk språk nærmar ho seg det største alvoret i skinet frå den første barndommen, i ekko av voggesongar og barnerim. Kva tenkjer ein om livet og menneska når ein som barn må flykta frå heimstad og familie? Kva kan ein uttrykkja om det å missa når sysken og foreldre blir borte i dødsleirar? Gerda Mayer diktar ikkje for å pynta på røyndomen, men for å skapa nye rom å pusta i. Ho viser at poesi kan vera nødvendig livskunst.
     
    Hefta. Nordsjøforlaget 2013
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?