Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10095

    Hjørnevik, Jon: Flukta frå rekkehuset

    Ingen bilete
    hjornevik/ jon flukta fra rekkehuset
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Det finst ein utveg!
    alt07:
    LYRIKK
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    229,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Heldigvis er det alltid ein utveg på ting. Heldigvis har også den ofte nokså fengslande kvardagen tusenvis av utvegar.
    Du kan berre gå frå alt utan å gi beskjed, du kan stikke til fjells, til skogs , eller til havs, du kan rømme inn i ei bok på tusenvis av sider , du kan flukte ned i ei flaske med noko sterkt, du kan forsvinne i ein fotballkamp, du kan drøyme deg vekk i ein pornofilm, du kan ringe til ein gamal slektning og sei at du kjem og blir nokre veker, du kan stele ein bil, du kan forlate verden i eit dikt, du kan gjere noko kriminelt og få politiet til å hente deg, du kan kjøpe deg eit tau, bli sjølvmordsbombar, du kan kle deg ut som julenisse, du kan hoppe av bussen, på eit busstopp eller i fart, du kan reisepå ferie og ikkje komme tilbake, du kan hoppa av karusellen, du kan hoppe av flyet ditt om det mellomlandar i Romania eller gifte deg vekk i Afrika utan å legge att så mykje som ein post-it lapp til næraste familie.
     
    Det er eigentleg enkelt å flukte, men ikkje for alle. Jon Hjørnevik har prøvd å flukte frå det meste her i livet, mellom anna overbetalte kjedelege jobbar, fjerne slektningar som vert for nære, snille kjærestar som vert for snille, alt for kåte hundar, illsinte tyskarar og godt isolerte rekkehus. Alt med blanda hell. Det har som regel enda med at han har flukta til eit nytt problem, og dette problemet gjentek seg. No har Jon Hjørnevik for femte gong rota seg vekk i ei diktsamling.
      
    Hefta, Samlaget 2011. 
    Video:
    3-14-5
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?