Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11648

    Mæhle, Lars: Den stille flokken

    Ingen bilete
    maehle/ lars den stille flokken
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    305,-
    (349,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur». Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga. Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet. Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar – og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok til at det rettferdiggjer hemn?
     
    Innbunden. Samlaget 2017
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?