Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3027

    Engeset, Jens Kåre: Anders Hovden - Diktarprest og folketalar

    Ingen bilete
    engeset/ jens kare anders hovden    diktarprest og folketalar
    Ingen bilete
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    99,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Biografi om Ivar Aasen sin sambygding og ven, diktarpresten og folketalaren Anders Hovden (1860-1943). Forfattaren Jens Kåre Engeset (f. 1930), også han frå Hovdebygda, var i fleire tiår fram til år 2000 styrar for Ivar Aasen-museet.
     
    Den fargerike og livsglader diktarpresten Anders Hovden (1860-1943) var nest yngst av ein søskenflokk på seks. Far hans var besteven med Ivar Aasen, og under studietida i Kristiania hadde Anders Hovden mykje kontakt med sin geniale sambygding.
     
    Hovden skreiv fleire romanar og barnebøker, men det var som lyrikar og salmediktar han nådde lengst. Han gav ut fire salmesamlingar og tre preikesamlingar, og saman med Bernt Støylen og Peter Hognestad stod han bak Nynorsk Salmebok (1925).
     
    Både i målsak og i teologiske spørsmål var han så markant at det stundom kom protestar når han søkte nye kall. Men når han først var tilsett, vart han ein overmåte avhalden prest, anten det var i Vanse på Lista, Krødsherad, i Melhus, eller på Østre Toten. Hovden var heile livet sterkt engasjert i det frilyndte ungdomsarbeidet, skreiv talrike artiklar i blad og var ein populær talar i store og små forsamlingar. Hovden fekk diktarløn i 1931.
     
    Mange av fotografia i boka her ikkje tidlegare vore publiserte.
     
    Innbunden, Samlaget 2002. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?