Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10102

    Fosse, Jon: Kortare prosa

    Ingen bilete
    fosse/ jon kortare prosa
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Fosses kortare prosa samla i ei bok!
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    299,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:

    Jon Fosse har gjennom åra gjeve ut tre kortprosabøker: To forteljingar frå 1993, året etter Prosa frå ein oppvekst og i 1998 Eldre kortare prosa. Desse bøkene er no samla og kan vera ein god veg inn i Fosses forfattarskap.

    Dei to forteljingane No kan hunden komme og Lines hår frå 1993 rommar både galskap og vemod. Hundehistoria handlar om ein mann som tek livet av ein sambygding etter han har drepe hunden hans, noko hundeelskaren Fosse har sagt at han godt kan forstå.

    Prosa frå ein oppvekst står heilt for seg sjølv i forfattarskapen til Fosse, det er ei «lykkeleg bok» som ikkje liknar på noko anna han har skrive. Fosse skriv frå eigen oppvekst. Det handlar om fjord og sauer, besteforeldre og raspeballar, danseband og rus. Det handlar om gleda ved å samla på bussbillettar, men òg å oppdaga at døden finst.

    Eldre kortare prosa opnar med ein heilt sentral Fosse-tekst, nemleg novella Han. Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men sjølv reknar Fosse novella Han fra 1981 som sin eigentlege skjønnlitterære debut. Novella vart trykt første gong i Studvest i 1981 som vinnarbidrag i ein novellekonkurranse.

     
    Innbunden, Samlaget 2011. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?