Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11993

    Gatland, Jan Olav: Ein driftig djevel i Bergen

    Ingen bilete
    gatland/ jan olav ein driftig djevel i bergen
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Forteljinga om grunnleggjaren av nynorsk forlagsverksemd
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    349,-
    (399,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Mons Litleré (1867-1895) var forleggjar, bokhandlar og avisredaktør. Sunnfjordingen er den eigentlege grunnleggjaren av nynorsk forlagsverksemd, sjølve pioneren i produksjon og spreiing av bøker på landsmål på slutten av 1800-talet. Han samarbeidde med dei kjende forfattarane i si tid, blant andre Arne og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Per Sivle, Jens Tvedt, Rasmus Løland, Vetle Vislie, Anders Hovden og Hans Seland. Det var Knut Hamsun som i eit brev skrytte av den unge forleggjaren og kalla Litleré «ein driftig djevel».

    Dette er den første fullstendige framstillinga av kva Mons Litleré fekk til i Bergen på sine knappe ti år som forleggjar og avisredaktør. Mons Litleré hadde bokhandel i Strandgaten i Bergen og var redaktør for Firda. Den unge landsmålsformidlaren døydde berre 28 år gammal. I det korte livet sitt rakk Litleré å gi ut kring 115 bøker, av dei var 80 på nynorsk. Pionerarbeidet hans har vorte ståande som eit føredøme for seinare nynorsk bokproduksjon. Litleré døydde av leverkreft. Same året døydde også kona hans, og paret etterlét seg tre små barn.

    Innbunden, Samlaget 2018
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?