Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    12209

    Gujord, Heming H.: Fløgstad verk

    Ingen bilete
    gujord/ heming h flogstad verk
    Ingen bilete
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    499,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Fløgstad verk gir ei samla framstilling av Kjartan Fløgstads meir enn 50 bøker sidan debuten i 1968. Boka gir den mest omfattande analysen som er gjort av Fløgstads mangfaldige og spenningsfylte forfattarskap. Forfattaren oppsøker grunnlaget for Fløgstads forfattarskap i Sauda og Ryfylke og følgjer linjene til verda utanfor. Synspunkt frå samtalar med Fløgstad er fletta inn i framstillinga. Fløgstad verk er delt inn i avdelingar som følgjer skriftprosessane og produksjonslinjene fram til i dag. Avdelingane spenner frå Danning og Etablering på 1960- og 1970-talet, via Produksjon og Kommunikasjon på 1970- og 1980-talet og fram til Distribusjon og Arkiv på 1990- og 2000-talet. Avdelinga for Sluttoppgjer samlar trådane og gjer nedslag i nokre av dei hardaste kulturdebattane i nyare tid.
     
    Fløgstad verk er ein forfattarskapsstudie, men kan også lesast som eit stykke litteraturhistorie frå nyare tid. Boka er skriven for alle som har lese eller kjenner til forfattaren Fløgstad, og som vil vite meir om konfliktlinjene i nyare norsk litteratur, kultur og samfunn.
     
    Innbunden, Samlaget 2018 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?