Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11287

    Hasle, Eivind: Olav Gullvåg Bladmann og bokmann

    Ingen bilete
    hasle/ eivind olav gullvag bladmann og bokmann
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Livshistoria til Olav Gullvåg gir på fleire område interessant og utfyllande kunnskap om språk-, kultur- og litteratur- historia i landet vårt første del av 1900-talet.
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    350,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Pressemannen og forfattaren Olav Gullvåg (1885 – 1961) delte livet sitt i to. I den første delen vart den trønderske skomakarsonen journalist og redaktør i ei landsmålspresse under etablering. Han markerte seg snart som ein aktiv og ofte hardtslåande «bladmann» i Trøndelag, på Vestlandet og i Telemark. Først og fremst var det til støtte for landsmålet og radikal venstrepolitikk, og han gjekk til og med i fengsel i kampen for ein rett ferdig språkpolitikk. Denne delen av livet vart avslutta med ein fottur med familien gjennom Danmark, Tyskland og til Nord-Italia, der Gullvåg-familien budde i to år. Frå rundt 1930 dominerte «bokmannen», med førstepris i konkurransen om kantate til 900-årsjubileet i Nidaros i 1930, med romanserien «Det byrja ei jonsoknatt » frå 1937, ei rad diktsamlingar, og ikkje minst med «Spelet om Heilag Olav» (Stiklestadspelet) frå 1954. Med romanserien fekk Gullvåg eit internasjonalt gjennombrot, spesielt i Tyskland. Eivind Hasle, pensjonert lektor og skolebyråkrat, har som norskfilolog, historikar - og barnebarn av Olav Gullvåg - hatt eit rikt tilfang å trekke på i arbeidet med biografien.
     
    Innbunden, Snøfugl forlag 2015.
     
     
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?