Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10167

    Hoem, Edvard: Syng mig hjæm - Bjørnstjerne Bjørnson 1890-1899

    Ingen bilete
    hoem/ edvard syng mig hjaem    bjornstjerne bjornson 1890 1899
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Band III av Edvard Hoems store Bjørnson-biografi.
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    449,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Ved inngangen til 1890-talet måtte Bjørnson konstatere at dei store kampsakene han hadde slåst for sidan ungdommen framleis ikkje hadde vunne fram. Venstre var splitta i to parti, og Høgre hadde overtatt regjeringsmakta. Bjørnson måtte ut på vegane igjen.

    På heimefronten var det dramatiske tider, Karoline vart meir og meir døv, og sonen Bjørns skilsmisse frå Jenny Sandberg skapte alvorleg usemje mellom ektefellene. Eit lyspunkt var det at gudsonen Sigurd Ibsen tok kontakt og vart ein viktig politisk samtalepartnar for Bjørnson, og han gifte seg med Bjørnsons dotter Bergliot. Samtidig forelska Bjørnson seg i pianistinna Erika Nissen, som han hadde kjent i tretti år. No innleidde Erika og han ein hekstisk kjærleikskorrespondanse som i denne boka blir referert og sitert for første gong.

    Bjørnson-barna gjekk til opprør og fekk slutt på affæren. Paradoksalt nok kom den avbrotne romansen forfattaren og avispolemikaren Bjørnson til gode. Tre års opphald utanlands for å koma unna skandale og strid, opna auga hans for dei store internasjonale stridsspørsmåla, fredsspørsmålet, spørsmålet om terrorismen som politisk strategi og rettsprosessen mot den franske offiseren Alfred Dreyfus. Frå utlandet skreiv han glitrande analysar i internasjonale aviser. Samtidig greip han kraftfullt ordet for Norges sak i den tilspissa unionsstriden med Sverige.

    Teaterstykka Over Ævne II (1895) og Paul Lange og Tora Parsberg (1898) førte igjen namnet hans ut på dei europeiske scenane. Året 1899 tona ut med opninga av Nationaltheatret, der Bjørnson sat saman med Henrik Ibsen på første losjerad. I ein siste stor artikkel til fordel for Dreyfus avdekte Bjørnson røtene til antisemittismen, som han karakteriserte som ei gift for Europas folk.
     
    Innbunden, Oktober 2011.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?