Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11596

    Økland, Kjell Magnus: Oselvar

    Ingen bilete
    okland/ kjell magnus oselvar
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Oselvar – den levande båten er eit praktverk som vil bidra til auka forståing av kor sentral båten er i den nasjonale kultursoga.
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    499,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Oselvaren er Noregs nasjonalbåt og vart i 2016 som første norske bidrag teke opp i UNESCO-lista for gode vernepraksisar i immatrielt kulturvern. I samband med dette gir Skald forlag og Oselvarklubben ut praktboka Oselvar – den levande båten.
     
    Oselvar er ein tradisjonell klinkbygd trebåt frå Hordaland. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå Bømlo i sør til Fedje i nord, men ein finn døme på bruk av han langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Med framleis levande byggje- og brukstradisjon skil båttypen seg frå mange andre tradisjonsbåtar.
     
    Praktboka utgjer den fyrste samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie, og presenterer eit variert historisk og teknisk materiale i populærvitskapleg form. Mykje av dette har ikkje tidlegare vore publisert. Boka inneheld tekst, bilete, tabellar, kart, figurar og teikningar og gamle fotografi. Vidare rommar boka folkloristisk stoff med eit stort persongalleri samt ei rekkje element kring immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap. Boka speglar kyst-, idretts- og folkekulturen på Vestlandet gjennom fleire århundre, med avstikkarar langs heile Norskekysten og til utlandet. Fokuset i boka er òg framover i tid, med praktiske råd til nye båtbrukarar.
     
    Innbunden, Skald 2017. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?