Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10077

    Storaas, Reidar: Mons Breidvik - Vestlandskunstnaren

    Ingen bilete
    storaas/ reidar mons breidvik    vestlandskunstnaren
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Den første samla framstillinga av vestlandskunstnaren Mons Breidvik
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    149,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881-1950). Breidvik var frå Brekke i ytre Sogn, men slo seg i 1907 ned i Kvam i Hardanger.
      
    Mons Breidvik var elev av Harriet Backer og Erik Werenskiold og var ven med kjende vestlandskunstnarar som Olav Rusti, Bernt Tunold og Nikolai Astrup. Breidvik arbeidde alt vesentleg med teikning og grafikk, men også med kyrkjekunst. I samtida hausta han dei største lovord for framifrå skildringar av born og for glimrande portrett. Han er representert i sentrale galleri i Noreg og USA.
     
    Mons Breidvik var idealist. Iherdig arbeidde han for å få gode bilete inn i vanlege folks heimar. Han kjempa for norsk språk og betre bunadsskikk. Med styrke hevda han vestlandskunstens plass i norsk kunstliv og kjempa for eit kunstakademi i Bergen.
    Denne boka gjev innsyn i Mons Breidviks personlegdom og familieliv, og kampen hans for å overleva som kunstnar i bygde-Noreg.
     
    Boka er rikt illustrert med kring 100 av Mons Breidviks kunstverk og kring 40 foto.
     
    Innbunden, Selja Forlag 2011 (2.opplag)
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?