Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11769

    Walgermo, Alf Kjetil: Røff guide til Bibelen

    Ingen bilete
    walgermo/ alf kjetil roff guide til bibelen
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel.
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    369,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin? Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf - utgangspunktet for to verdsreligionar og ein grunnstein for den vestlege litteraturen og sivilisasjonen. Kan vi eigentleg forstå historia vår, språket og kulturen om vi ikkje veit kva som står i Bibelen? For mange er dette den viktigaste boka som er skriven, medan mange har eit eksemplar av Bibelen ståande i bokhylla, utan at dei nokon gong opnar han. Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig.
     
    Hefta, Samlaget 2018.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?