Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3187

    Sande,Jakob: Noveller i samling -

    Ingen bilete
    sande/jakob noveller i samling
    Ingen bilete
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    349,-
    (399,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Jakob Sande (1906-67) er ein folkekjær lyrikar; og dikta og visene hans har ein usliteleg appell. Men Sande skreiv òg forteljingar, og denne boka samlar dei tre novellesamlingane han gav ut: Straumar i djupet (1935), Eit Herrens vér (1943) og Skarlagensnora (1946). I novellene møter vi Sande som ein sansevar skildrar av vestlandsnaturen og ein medfølande observatør av småkårsfolk. Her er skildringar av strenge livskår, av menneske i kamp mot naturkrefter, styresmakter og armod, og her er humoristiske, ofte bitande ironiske utleveringar av menneskeleg dårskap. Det sterke sosiale engasjementet som preger Sandes noveller kjem først og fremst til syne gjennom det varme og forståande blikket han har for kvardagsslitarane, sjølv om veikskapane deira òg kan vere mange, og ikkje vert lagt skjul på. Jakob Sandes Noveller i samling har lenge berre vore tilgjengeleg i pocketbokutgåve. Her kjem dei i ei vakker, innbunde bok i stil med nyutgjevinga av Sandes Dikt i samling. Professor Atle Kittang har skrive etterord.
     
    Innbunden, Gyldendal 1999
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?