Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11599

    Gunnarsson, Gunnar: Advent

    Ingen bilete
    gunnarsson/ gunnar advent
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Mennesket og maktene i verdskjend islandsk klassikar.
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    174,-
    (199,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Advent er ei lita forteljing om eit stort menneske, ein variant av legenda om den gode hyrden. Den islandske klassikaren er basert på ei faktisk hending, om Benedikt Sigurjónsson som kvar førjulstid i tjueseks år har vandra opp i fjella med hunden og bukken sin for å finne bortkomne sauar. I 1925, det tjuesjuande året, blir det hardare enn nokon gong. Benedikt har følgje av nokre menn som gir opp undervegs, og han må leite vidare åleine og kjempe mot naturkreftene. 
     
    Forteljinga er både poetisk og kraftfull, og utmerker seg med dei storslåtte naturskildringane lesaren ser og sansar vêret og viddene. Både tematikken og stilen gjer Advent til eit høgdepunkt i forfattarskapen til Gunnar Gunnarsson (1889-?1975). Det er den av bøkene hans som ligg føre i flest utgåver, størst opplag og er omsett til flest språk, minst 15. I USA kom ho ut under tittelen The Good Shepherd, som skal ha vore eit førebilete for Hemingways The Old Man and the Sea. 
     
    For første gong kan vi lese Gunnarssons Advent på norsk. Oskar Vistdal, mottakar av den prestisjetunge Bastianprisen, står for omsetjinga. Han har også skrive etterord. Boka er illustrert av Gunnar Gunnarsson jr.  
     
    Samlaget. Innbunden 2016. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?