Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11793

    Haugland, Tormod: Om dyr og syn

    Ingen bilete
    haugland/ tormod om dyr og syn
    Ingen bilete
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    305,-
    (349,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:

    Romanen Om dyr og syn er lagt til ei lita bygd på Vestlandet på 1960-, 70- og 80-tallet. Med gardslivet og bygdekulturen som bakteppe følgjer vi Tormod frå barndommen gjennom ungdomstida, fram til han er ung kunststudent i Bergen.

    Som liten gut oppdagar Tormod ein slåsshanske i faren sitt skrivebord, som han byrjar å ta med seg overalt. Tormod har ikkje alltid kontroll, verken over seg sjølv eller over omgivnadene sine. Han balanserer ofte faretruande på kanten, enten han køyrer traktor ned ein alt for bratt skrent, samlar ved til eit sankthansbål eller går åleine rundt i gatene i Bergen. Tormod er fødd til å bli bonde, men lengtar samtidig etter noko anna.

    Om dyr og syn er ein roman om dyr og menneske, kunst og natur. Det handlar om å vekse opp, om å bli ein mann og om å ta dei store vala i livet. Det har blitt ein varm, rå og gripande roman, som nok også representerer ei ny vending i Tormod Hauglands forfattarskap.

    Innbunden. Forlaget Oktober 2017. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?