Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3089

    Hoem, Edvard: Mors og fars historie (hefta)

    Ingen bilete
    hoem/ edvard mors og fars historie hefta
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Prislønna bok om at livet somme gonger tar sin eigen veg og at ingen ting blir som vi først hadde tenkt oss det
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    169,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Edvard Hoem skriv denne gongen ein roman om det foreldra hans ikkje snakka om, korleis mor hans og far hans trefte kvarandre i 1945, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg i lag. Edvard Hoems far var lekpredikant og heldt i krigens år 1940-45 meir enn sju hundre møte i det han kalla Dalenes dal, Gudbrandsdalen. Mora var kokke på Fåberg pleieheim, og ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945. Ingen ville vel ha trudd at lekpredikanten og kokka ville finne kvarandre. "Mors og fars historie" handlar om at livet somme gonger tar sin eigen veg og at ingen ting blir slik som vi først hadde tenkt oss det. Boka er ei erindringsbok som blir til ein roman, der Edvard Hoem søkjer å overskride det han har av dokumentasjon for å dikte fram igjen livshistoria til foreldra sine. Historia om ein predikant og ei ung kvinne med ei fortid er ei historie om sorg og svik og nederlag, men først og fremst om livsvilje og forsoning. Den er eit minnesmerke over ei anna tidsalder og eit anna land.
     
    Hefta. Oktober 2014. 
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?