Psykologistudenten Stine må flytte heim midt i eksamenstida for å ta seg av storesøstera. Faren, som er psykolog, er redd for at ho skal gjere seg noko mens han er på jobb. Men vondt blir berre verre i forsøket på å konstruere eit slags familieliv, og alle farens forsøk på å glatte over dei stadige utbrota endar i fiasko. Og snart utviklar Stine ei sterk interesse for kjærasten til si einaste venninne, som dessutan viser seg å vere ein tidlegare pasient av far til Stine.
Lykkefeltet er ein skarp og stilsikker debutroman om psykologi og det sårbare studentlivet.