Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11566

    Kafka, Franz: Forvandlinga og andre forteljingar

    Ingen bilete
    kafka/ franz forvandlinga og andre forteljingar
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Franz Kafkas Forvandlinga og andre forteljngar i nyomsetjing av Jon Fosse er starten på ein ny klassikarserie med verdslitteraturens viktigaste verk i ny nynorsk språkdrakt.
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    229,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei mest vesentlege forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen sin kanon. I dag er Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda. Kafka sin langnovelle Forvandlinga (1915) vert sett på som eit av dei mest nyskapande skjønnlitterære verk i det 20. århundre. Forteljinga har blitt dramatisert, filmatisert, omarbeidd, sitert frå og referert til, og er den lengste ferdigskrivne teksten Kafka har gitt ut i si levetid. Novella handlar om den handelsreisande Gregor Samsa som åleine må forsørgje familien. Ein dag vaknar han og har blitt til eit insekt. Innesperra i rommet sitt vert han meir og meir isolert og den først ganske så omsorgsfulle systera vender seg etter kvart også frå han, før han til slutt, forbanna og einsam, sovnar inn. Den nye utgivinga inneheld i tillegg til Forvandlinga fire av dei mest kjende forteljingane til Kafka, og dei Jon Fosse tykkjer mest om: Dommen, Ein landsens lækjar, Framfor lova og Ein draum. Forteljingane vart i 1920 utgjevne av Kafka sjølv i samlinga Ein Landarzt.
     
    Skalds klassikarar.
     
    Fleksibind. Skald 2016
     
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?