Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11085

    Kroken & Kolden: Død manns kiste (hefta)

    Ingen bilete
    kroken  kolden dod manns kiste hefta
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Mordgåter og forsvinningar i populær krimserie.
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    279,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Ein kontroversiell dyrlege blir sporlaust borte i Lom. Ein ungdomsskulelærar har vore i klammeri med henne på grunn av ei hundeavliving. I Fredrikstad sit ein eks-ektemann som kanskje har eitt og anna å hemne. Etter kvart ser det ut til at den sakna kvinna har fiendar både her og der. Samstundes, på fjellgarden Tusshaug i Bøverdalen, går ein ulykkeleg bonde og skuler, ugjestfri og uvennleg mot alt og alle. Hentebrura hans frå Russland vantrivst både med han og den avsidesliggjande garden. Så blir det oppdaga eit kvinnelik i ein bekk på eigedommen hans. Det er september og jakttid, og dei første hauststormane har sett inn. Sylfest Seljestad og Jørgen Vold får ei ny, vanskeleg sak å oppklare. Spora går i alle retningar og ein dyktig mordar ser ut til å klare å overliste dei. Enklare blir det ikkje då soknepresten i Lom, Einar Gelius, gjer ei skremmande oppdaging midt under ei jordfesting. Dette er tredje bok i krimserien av Kroken & Kolden.
     
    Hefta. Samlaget 2015
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?