Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10924

    Lillegraven, Ruth: Mellom oss (hefta)

    Ingen bilete
    lillegraven/ ruth mellom oss hefta
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Mellom oss er ei historie om tre generasjonar, og om det vi ber på, men ikkje klarar snakke om.
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    149,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    I 1972 dreg 25 år gamle Svein til Chile. Han kjem aldri heim att. Tretti år seinare kastar forsvinninga hans framleis skuggar over dei han fór ifrå: dei aldrande foreldra Jakob og Dagny, kjærasten Ranveig og dottera Tonje, som han aldri har møtt. Kva har Jakob og Dagny sine opplevingar under krigen fått å seie for forholdet til sonen? Og korleis får avgjerder tatt i ei dekkleilegheit i Oslo i 1943 konsekvensar for Tonje seksti år seinare? Tonje har sine eigne løyndomar å bere på, og nettet av løgner ho har spunne rundt seg sjølv og andre, er i ferd med å rakne. Forteljinga tek lesaren frå krigens dagar til vår eiga tid – frå Oslo til Natzweiler, Santiago, Pennsylvania og eit forfalle funkishotell i fjellheimen på Vestlandet. Mot eit bakteppe av historiske hendingar viser Mellom oss både korleis det vesle livet speglar den store verda, og korleis gamle løyndomar kan få følgjer mange år seinare. Mellom oss er ei historie om tre generasjonar, og om det vi ber på, men ikkje klarar snakke om. Men når er det for seint å nærme seg kvarandre?
     
    Hefta. Tiden 2012
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?