Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11886

    Musil, Robert: Tre kvinner

    Ingen bilete
    musil/ robert tre kvinner
    Ingen bilete
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    249,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    I novellesyklusen Tre kvinner utforskar Robert Musil forholdet mellom mann og kvinne, og korleis dei prøver å frigjere seg frå krava til samfunnet, frå fordommar, maktspel, og overvinne alle avstandar. Vi møter tre ulike kvinner, bondejenta Grigia, adelskvinna frå seinmiddelalderens Portugal og arbeiderklassekvinna Tonka. Desse møta utløyser omveltingar i livet til personane, men akkurat korleis det hender, blir ei gåte som forteljaren prøver å løyse.

    Desse tre novellene har blitt feira som oppvisingar i stor skrivekunst, samstundes som forfattaren viser seg som ein presis analytikar av karakterane sitt mest intime sjelsliv, tett vevd inn i omgivnadene. Forfattaren skriv både konsentrert og poetisk, sensuelt og ironisk. Han gir historiene sine ein stor detaljrikdom som gir lesaren ei sanseleg oppleving, på same tid som han observerer personane med ein distanse som tillét han å sjå dei frå fleire ulike kantar.

    Austerrikaren Robert Musil (1880–1942) er i dag ein av dei viktigaste forfattarane i moderne tysk litteratur og vert samanlikna med Franz Kafka, James Joyce og Marcel Proust. Han er i dag mest kjend for det ufullenda hovudverket Der Mann ohne Eigenschaften. Men novellene til Robert Musil representerer ein viktig og sjølvstendig del av forfattarskapen hans, og står ikkje tilbake for romanane.

    Dette er første gong at ein tekst av Robert Musil har blitt gitt ut på nynorsk.

    Skalds klassikarar.
     
    Omsett av Øystein Vidnes.
    Fleksibind, 2017. Skald
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?