Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11887

    SYN og SEGN 4.17

    Ingen bilete
    syn og segn 417
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Noregs nei, samisk identitet, Homo naledi og Peer Gynt
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    129,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Etter ni år i Noreg fekk Mona Ibrahim Ahmed avslag på søknad om å bli norsk statsborgar. «Nett no kjennest det som om dei åra eg har vore i Noreg, ikkje har betydd noko som helst. Det er som om det er tom tid som berre har forsvunne.» Les sterk samtale i Syn og Segn mellom Mona Ibrahim Ahmed og journalist og redaktør Hilde Sandvik.

    Det nye heftet har fleire temaartiklar om samisk identitet og kultur. Vi spør: Forventningane til samisk kultur kan synast einsidige og baserte på gamle klisjear og førestillingar. Men stemmer forventningane med røyndomen?

    Doktorgradsstipendiat Lene Liebe Delsett skriv om fossilet Homo naledi – eit nesten-menneske som har ført oss nærare sanninga om oss sjølve. Marta Norheim leitar etter naturen i litteraturen, og Sigrun Slapgard har nye tankar om Peer Gynt. Gunnstein Akselberg skriv om Martin Luther og borga og slotta som omgav han, medan Signe Nilssen forklarar alt om nye ord i norsk. Og til slutt: Jon Severud løftar dei tvisynte sin plass i samfunnet: «Tvisynet er ein eigen måte å sjå på. Det er eit sjølvblikk på eigen tankearkitektur.»
    Video:
    3
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?