Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11890

    Tveit, Norvald: På reservetanken

    Ingen bilete
    tveit/ norvald pa reservetanken
    Ingen bilete
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    328,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Norvald Tveit møtte Toralv Maurstad på Hotel Norge i Bergen. Den store senga var dekka med lause manusark. «Jeg har lest stykket ditt», sa Toralv. «Det er er mange saftige uttrykk og gode replikker, men det går ikke an å spille som teater, det er uten dramatikk. Faen, folk står jo rett opp og ned og holder med hverandre.» Med dette rådet som rettesnor fekk Norvald Tveit elleve skodespel framført på dei store teatra i Noreg, fleire med stor suksess. Det er gode minne å ta med seg «På reservetanken» og meske seg med. Frå heimen sin i dei bratte Tveitsbakkane i Hyllestad ser Norvald Tveit i denne boka tilbake på livet sitt, små og store hendingar, og folk han har møtt, som Toralv Maurstad, Wenche Foss, Jon Eikemo, Espen Skjønberg, Ivar Medaas, Anne Gullestad, og mange fleire. Han fortel også for første gong om det vanskeleg opphavet sitt, som prega barndom og oppvekst. Denne boka inneheld også tekstar om Norvald Tveit som dramatikar og forfattar, skrivne av Ove Eide, Barthold Halle, Agnete Haaland, Rolf Losnegård, Terje Lyngstad, Jens Chr. Lundeland og Tom Remlov. Norvald Tveit (f. 1927) frå Hyllestad i ytre Sogn er dramatikar og forfattar, med bøker i mange sjangrar. Han har fått Ibsenprisen, Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane og Kongens fortenestemedalje i gull.
     
    Innbunden, Samlaget 2017.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?